Er det behov
for at noko vert gjort innanfor tema trafikkopplæring?
Er det behov for at noko
vert gjort innafor tema trafikkopplæring?
En del faktapåstandar:
Timetalet som
kvar skole brukar til trafikkopplæring varierer.
--- ¤ ---
Barn får ikkje realistisk øving i trafikken fordi sjølvstendig
øving i trafikal åtferd naturleg nok er forbunde med
svært høg risiko.
--- ¤ ---
Foreldra sin innsats er ofte stor, men den varierer reint fagleg.
--- ¤ ---
Mange førsteklassingar går til og frå skolen
i trafikkerte miljøer aleine og dei opplever til dagleg samansette
trafikksituasjonar som dei utifrå alder og kunnskap ikkje
har føresetnader for å meistre.
--- ¤ ---
Det faglege innhaldet i trafikkopplæringa i skoleverket er
svært variabel.
--- ¤ ---
Sjølv om mange lærarar syner stort engasjement, så
manglar dei generell fagutdanning innan trafikkpsykologi og trafikkpedagogikk.
--- ¤ ---
Læreplanverket (l97) inneheld ikkje spesifikke undervisningsmål
innan faget trafikk.
--- ¤ ---
Vi har ikkje registrert sterke signal frå skolestyresmaktene
om at skulane skal prioritere trafikkopplæring.
En del parallelle problemstillingar:
Korleis ville barn kunne bli trygge i vatnet om dei ikkje fikk symjetrening?
Kvifor måtte Drillo læra spelarane på landslaget
å lesa fotballspelet slik at dei kunne vinne landskampar?
Kvifor må små barn lære seg å lese trafikkbildet
sjølve?
Kvifor har vi ikkje ”trafikktrenarar” og ”treningshallar”
for trafikk, når all annan åtferd som skal øvast
inn krev profesjonell rettleiing og trygge treningsstader?
Barnas trafikkskole tilbyr eit risikofritt øvingsområde
for trafikkopplæring for gående barn. Vi har laga læreplanar,
undervisningsmateriell og vi utdannar lærarar.
Vi ynskjer no
å prøve ut tilbodet vårt for ei større
gruppe barn.
|