Barnas trafikkskole si faggruppe.
Barnas trafikkskole etablerer ei eiga faggruppe som skal
setjast saman av dei beste fagfolka i landet innan faget trafikk.
Faggruppa skal ha det trafikkfaglige ansvaret for den aktiviteten
som vert driven i regi av Barnas trafikkskole.
Faggruppa skal ha ansvar for å utvikle kurs for lærarane og å gjennomføre
desse. Kursa skal haldast for både instruktørar og lærarar som skal
gjennomgå kurs i Barnas trafikkskole sine barnebyar.
Vårt mål er at dei kursa som lærarane kvart år skal gjennomgå, skal
bli modulbaserte og gi studiekompetanse innan barnetrafikkpsykologi
og barnetrafikkpedagogikk.
Vi jobbar for tida med å setje saman ei faggruppe med aktører innan
fag det er naturleg og nyttig å og søke kunnskap frå og samarbeide
med. Dersom du har gode forslag til kandidater, ville vi være takksame
for tilbakemeldingar.
Vi tenkjer oss å sette sammen faggruppa med representantar frå fylgjande
miljøer: Representant frå Styret i ATL. Representant frå det pedagogiske
miljø. Representant frå skoleverket. Representant frå trafikklærarskolen.
Representant frå trafikkskolane. Representant frå KUF. Representant
frå det filosofiske miljøet. Representant frå forskarmiljø innan
åtferd.
Nokre av desse representantane er allereie på plass.
Faggruppa vil i tillegg til kursverksemd også arbeide vidare med
nye læreplanar og undervisningsopplegg. Vi ser ikkje nokon grunn
til at det ikkje skal være utvikla ein læreplan for trafikkopplæring
for alle klassetrinna i skoleverket.
Vi har skigymnas, fotballgymnas etc. Vi er en liten nasjon med mange
av verdas beste utøvarar innan skiidrett og fotball.
Når får vi det første trafikkgymnaset? |