|
|
| |
| |
Sponsorar.
Vårt mål er å finansiere alle investeringskostnadene ved dei to barnebyane
gjennom sponsormidlar. Vi ynskjer å tilby profilering til lokale og
nasjonale interesser. Vi tilbyr store og små sponsorar deltaking.
Det er ein føresetnad at staten kostar drifta av dei to banane i tre
år. Vi vil at dei som går inn med midlar i dette prosjektet skal vera
trygge for at pengane deira set i gang tiltak som vert avtalt. Vi
vil ha statlege garantiar som sikrar at drifta av prosjektet vert
gjennomført innanfor dei rammene vi planlegg.
Vi meiner å kunne presentera eit svært sponsorvenleg prosjekt. Vi
meiner å kunne tilby seriøse sponsorar eit stort og spennande eksponeringspotensiale.
Vårt prosjekt har stor samfunnsinteresse, og vi er derfor til no blitt
møtt med velvilje og aukande merksemd både i pressa og i marknaden.
Vi presenterer eit heilt nytt, seriøst og strukturert pedagogisk opplegg
innan trafikkopplæring. Sponsorar som vil profilere seg innanfor tema
barn og trafikk vil som deltakarar i dette prosjektet kunne oppnå
fagleg sterk og stor medieinteresse. Vi ser heller ikkje bort frå
at vårt prosjekt også kan ha internasjonal medieinteresse.
Våre sponsorar vil bli profilerte i landets kulaste klasserom saman
med glade barn i moderande og aktive læringsprosessar!
Vi vil være aktive mot alle medier. Spesielt vil vi søke å bli profilert
gjennom TV, men også gjennom reportasjar og billedpresentasjonar i
ulike fagblad og tidsskrifter.
Vi vil gjerne delta saman med våre sponsorar i utviklinga av ulike
strategier for vårt profileringsarbeid. Vi vil tilby våre sponsorer
innsyn i våre budsjett, presentert gjennom ein av våre samarbeidspartnerar,
Noraudit. Vi vil følgje opp med informasjon om drift og resultater.
Våre sponsorer blir aktive partnarar i arbeidet for å gi våre barne
betre trafikale haldningar.
Vi ynskjer Dykk alle hjarteleg velkommen! |
|