Gjennom tilrettelagt undervisning og leik skal
barna gjennomgå og øve inn sikker åtferd knytta til dei farene barna til dagleg møter i skolekrinsen og i nærmiljøet.
Vårt undervisningstilbod er tilrettelagt for grunnskoleverket.
Vi kan presentere eit spennande pedagogisk opplegg for eit ”realistisk” trafikalt rollespel, med læreplanar, obligatoriske kurs for lærarane etc.
Vi bygger ”barnebyar” med trafikale utfordringar som barna møter i kvardagen. Her vil barna få sjølvstendig trafikal trening i eit risikofritt trafikkmiljø!
Våre barnebyar vil gi eit heilårleg innandørs tilbod om trafikkopplæring. På dagtid skal vi samarbeide med skolane og på kveldstid skal vi samarbeide med foreldrene.
Vårt prosjekt er svært kostnadseffektivt og har eit stort kapasitetspotensiale.
Vi tek barnas trafikktryggleik på alvor, det engasjerer oss og det engasjerer barna og deira oppvekstmiljø.