Om prosjektet i Oslo/Akershus:

Barnas trafikkskole vil bygge to barnebyar i Oslo/Akershus regionen. Vi vil frå våren 2004 tilby vår startpakke til skoleverket i regionen. Prosjektet har ei treårsramme, men denne kan bli utvida om resultata svarer til forventningane våre. 

Vårt mål i dei fyrste tre prosjektåra er å tilby ca. 1300 skoleklassar frå fyrste og andreklasse i grunnskolen eit eineståande, godt og moderne tilbod om trafikkopplæring for gåande.

Vi vil tilby publikum mengdetrening på kveldstid. Vi har utvikla ”Spelet om trafikken” der barna sammen med kvalifiserte instruktørar vil ”leike i trafikken” med det mål å øve inn sikker åtferd knytta til ulike trafikale utfordringar. Våre instruktørar held fram der skolen slutta. Tilbodet vil i første omgang bli gitt til barn i alderen 5 til 8 år. 
I Barnas trafikkskole sine to barnebyar skal vi bygge opp eit mest mogleg autentisk trafikkmiljø. Vi har bymiljø med trafikk, bustadmiljø, vi har skilt, ljoskryss, oppmerka asfalterte vegar, fortau og gangvegar i skalastorleik. Vi har elektriske bilar og buss som går i ”rute” rundt bana. 
Våre to barnebyar på Østlandet vil gi eit heilårleg innandørs tilbod i trafikkopplæring. På dagtid skal vi samarbeide med skolen og på kveldstid skal vi samarbeide med foreldrene.